Aktivitetar
Mai - 2017
ma ti on to fr
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31        
«
»



Brukernavn

Passord





Du er her: Vaksne » Alphakurs

ALPHA-kurs

 




NESTE KURS startar rundt januar 2018.
Velkommen til å melde deg på! 
Klikk her for PÅMELDING -


Les her om Alpha-kurset som gjekk våren 2016:

Kva er Alpha?
Alpha-kurset er for alle som er interesserte i å oppdage kva kristen tru handlar om.
Her kan du slappe av, ete god mat, dele dine tankar og utforske meininga med livet.
 

Program
Kurset går over 10 veker, og består av 10 interessante og tankevekkande samlingar med eit måltid mat, undervisning og samtale i grupper. Her vil du bli tatt på alvor med dine tankar, idear og spørsmål. Ingen spørsmål er for store og ingen spørsmål er for små.
I tillegg til samlingane blir det arrangert ein weekend-tur.

Lav terskel
Alpha har lav terskel, det har fokus på vennskap og det er moro! Dei aller fleste kyrkjesamfunn i Norge støttar opp om Alpha, og meir enn 16 millionar menneske over heile verda har gått på eit Alpha-kurs!
Alpha-kurs passar for alle, og særleg for deg som:
•    ønskjer å utforske kristen tru
•    nyleg har begynt i ein kristen forsamling/kyrkjelyd
•    vil friske opp basiskunnskapane
•    er ny som kristen

Pris
Kurset er gratis! :-) Men det blir mogleg å betale litt for maten.


Datoar for Alpha-kurs på Lye forsamlingshus hausten 2016:

•    6. september kl 19        Kurskveld 1: Kven er Jesus?
•    13. september kl 19        Kurskveld 2: Kvifor døydde Jesus?
•    20. september kl 19        Kurskveld 3: Korleis kan vi tru?
•    27. september kl 19        Kurskveld 4: Kvifor og korleis kan eg be?
•    4. oktober kl 19        Kurskveld 5: Kvifor og korleis kan eg lesa Bibelen?
•    18. oktober kl 19        Kurskveld 6: Korleis leiar Gud oss?
•    22.-23. oktober        Alpha-weekend (overnatting heime). Tema: Den Heilage Ande
•    25. oktober kl 19        Kurskveld 7: Korleis stå imot det vonde?
•    1. november kl 19        Kurskveld 8: Kvifor og korleis fortelja til andre?
•    8. november kl 19        Kurskveld 9: Heilbredar Gud i dag?
•    15. november kl 19        Kurskveld 10: Kva betyding har kyrkja?
•    22. november kl 19        Alpha-fest (her kan ein be med seg vener)

Visste du at…
… det er mogleg å komme dei første kveldane og sjekke ut opplegget før du bestemmer deg om du vil gå heile kurset?
… Alpha-kurset starta i England, men blir nå arrangert i over 160 land?

Klikk her for web-basert PÅMELDINGSSKJEMA

PÅMELDINGSSKJEMA:
Namn: __________________________________________________________
Adresse: ________________________________________________________
Postnr: __________    Stad: _____________________________
Telefon/mobil: ______________________________
E-post: __________________________________________________________
Ønsker barnevakt for å delta på kurset : _____________

Påmelding kan sendast via e-post til alphalye@gmail.com

Kontaktinfo
Kontaktperson: Sigurd Idland, e-post: alphalye@gmail.com /
tlf: 466 98 050 / web: www.lyeforsamlingshus.no


Har du spørsmål som dette: 

  • Kva skjer etter døden? 
  • Kva er meininga med livet? 
  • Kven er Gud? 
  • Er tilgjeving mogleg? 
  • Kva er tru? 
  • Kva kan Jesus bety for livet her og nå?
Prøv eit Alpha-kurs!