Aktivitetar
Mai - 2017
ma ti on to fr
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31        
«
»



Brukernavn

Passord





Starter Alpha med ein vits


11.04.2016
Undervisninga på Alpha-kurset startar alltid med ein vits. - Det lettar på stemninga å kunne le saman, det løyser oss opp, og det set oss i godt humør, seier kursleiar Sigurd Idland.

Frå laurdag til sundag 9.-10. april var 31 personar på Alpha-weekend på Nordlys leirstad i Sandnes. Dette er ein del av Alpha-kurset som denne våren har vore halde på Lye forsamlingshus. Denne helga reiste kursdeltakarane vekk for å setje fokus på Den Heilage Ande og korleis ein kan leve resten av livet på ein best mogleg måte.

Heile gjengen som var med på weekend.

Helga bestod av undervisning, gruppesamtale, lovsong, tur på ettermiddagen,  og underhaldning på kvelden. Ein fekk òg moglegheit til å setja seg i ein stol framføre to personar, og bli bedt for. Dette var det ein god del som nytta seg av.

Heile kurset varar frå 23. februar til 3. mai, altså 10 kveldar - pluss ein weekend. Det er totalt 40 personar med på kurset, medrekna leiarar og medhjelparar. Aldersfordelinga er frå 13 år 69 år. Kvar kurskveld består av god mat, undervisning og gruppesamtale. Tema er ulike sider av den kristne trua, og det er mogleg å kome med alle slags spørsmål og tvil. Neste kurs skal etter planen starta opp i september. Kurset er opent for alle, ikkje bare for dei som bur på Lye.

- Og ein treng ikkje ha ei kristen tru for å bli med, men eit søkande sinn kan vere greitt å ha, seier Sigurd Idland.

 

Dei fem yngste på Alpha-kurset. F.v. Tobias Vassbø (14), Kristoffer Vassbø (13), May Olene Risa (29) , Helene Myrstad (28) og Eivind Undheim (20).

 

Sigurd Idland (t.v.) og Geir Tore Salmelid er to fornøgde Alpha-medarbeidarar etter Alpha-weekenden. Dei ønsker alle velkome på neste kurs som startar opp i september.

 

 

 

 

Eksempel på ein Alpha-vits:

Prestens vesle dotter hadde ikkje oppført seg bra, og prestefrua hadde gitt henne straff av verste slag: Ho fekk ikkje vera med på sundagsskulens utflukt neste sundag.

Då sundagen kom, angra prestefrua, og fortalde jenta at ho likevel fekk reise på sundagsskuleturen, men jenta blei ikkje glad.

- Eg trudde du hadde lyst å vere med på utflukta, sa mora til dottera si.

- Ja men mamma, sa jenta, det er for seint! Eg har allereie bedt om stygt ver.

Og her er ein annan Alpha-vits:

Ein rik mann var sjuk og skulle døy. Han ville gjerne ta med seg rikdommen sin til himmelen, og starta å forhandla med Gud. Og Gud let litt motvillig mannen ta med seg éin koffert. Rett før han døydde, selde mannen alt han eigde, og veksla det inn i gullbarrar, som han la i kofferten.

Då han møtte Sankt Peter i Perleporten, lurte Sankt Peter fælt på kva mannen hadde med seg, og spurte om å få sjå oppi kofferten. Dei fekk han, og Sankt Peter utbraut:

- Men kvifor i all verda har du tatt med deg brustein til himmelen?



tilbake        Print Utskriftvennlig versjon