Givarteneste Time sokneråd
Vil du vera med å støtta Time sokneråd sitt arbeid på Lye og i Time?
Hovudutgiftene til soknerådet går til å løna tilsette i trusopplæringa og barne- og ungdomsarbeidet, men soknet har òg andre utgifter, som til dømes arrangement, weekend og utstyr til lokala våre. Soknerådet ønsker at flest mogleg skal støtta direkte til soknerådet, og ikkje berre til barne- og ungdomsarbeidet, så vil soknerådet bruka pengane der dei ser det trengst mest.
Du får skattefrådrag for gåvene du gir for beløp mellom 500 og 25000 kroner. Hugs å gje beskjed dersom du vil ha skattefrådrag.
Det er òg mogleg å gje direkte til kontonummeret vårt 3325 20 04462. Merk slik: «Ola Nordmann gåve». Legg til «skattefrådrag» viss du ønsker dette og ikkje har informert om dette tidlegare.
Tusen takk for alle gåver!
Vil du støtta arbeidet i soknet?