Lye forsamlingshus

Leiar barn og unge

Inntil 50% midlertidig stilling med mogelegheit for fast tilsetting.

Arbeidsgiver
Time kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Leiar barn og unge
Frist
01.06.2018
Varighet
Engasjement
Likar du å jobba med barn på steget til ungdomstida? Ønskjer du å gje dei eit møte med Jesus og ein verestad i kyrkja? Kanskje er du den Lye forsamlingsstyre, i samarbeid med Time sokneråd, leiter etter. Du får vera med å skapa treffstadar for barn/unge på Lye forsamlingshus.

Arbeidsoppgåver:

  • Starta opp nytt arbeid for aldersgruppa 10-15 år.
  • Byggja opp leiartrening for aldersgruppa.
  • Samarbeida tett med trusopplæringa i Time sokn.
  • Samarbeida med anna arbeid for aldersgruppa på Lye.
  • Hjelpa barn/unge å høyra til på Lye forsamlingshus, veksa i tru og finna si teneste.
  • Skapa ein open veg inn i konfirmantarbeid og anna ungdomsarbeid.
  • Rekruttere, utruste og vegleia frivillige medarbeidarar.

Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett. Arbeidet er i stor grad ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med

  • Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid.
  • Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
  • Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Søkjarar må dela Den norske kyrkja si tru og vedkjenning.

Personlege eigenskapar:

  • Kreativ og nytenkjande
  • Engasjert og initiativrik
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge.
  • Strukturert med evne til å planlegga langsiktig.
  • Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige.

Vi tilbyr:

  • Tilsetting i Time kyrkjelege fellesråd. Stillinga er finansiert gjennom gjevarteneste.
  • Godt og inspirerande arbeidsmiljø på Time kyrkjekontor
  • Utfordrande  arbeidsoppgåver  og engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
  • Medlemskap i KLP
  • Fleksibel avspasering

Det daglege arbeidet blir leia av  Lye forsamlingstyre/ Time sokneråd. Jamnlege vegleiingssamtalar

Anna:

Tid for oppstart etter avtale. Den som blir tilsett må leggja fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest) Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting, jmfr. Arbeidsmiljølova §13,3. Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.

Kontaktperson:
Liv Heidrun Heskestad
Frist01.06.2018
For søknad, se finn.no