Likar du å jobba med ungdom? Ønskjer du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?
Kanskje er du den Lye forsamlingsstyre, i samarbeid med Time sokneråd, leiter
etter. Du får vera med å skapa treffstadar for ungdom på Lye forsamlingshus.

Arbeidsoppgåver:

  • Starta opp nytt helgearbeid for ungdom på Lye forsamlingshus
  • Leggja til rette for undervisning, lovsong og bøn mellom dei unge
  • Samarbeida tett med prosjekt «Ung i Time»
  • Samarbeida med anna arbeid for ungdom i kommunen
  • Hjelpa ungdom å høyra til på Lye forsamlingshus, veksa i tru og finna si teneste
  • Skapa ein open veg inn i konfirmantarbeid og anna ungdomsarbeid
  • Rekruttere, utruste og vegleia frivillige medarbeidarar

Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som
vert tilsett. Arbeidet er i stor grad ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.

Kvalifikasjonar:

Ønskjeleg med

  • Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid
  • Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
  • Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Søkjarar må vera medlem av Den norske kyrkja, og dela kyrkja si tru og
vedkjenning.

Personlege eigenskapar:

  • Kreativ og nytenkjande
  • Engasjert og initiativrik
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med ungdom
  • Strukturert med evne til å planlegga langsiktig
  • Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige

Vi tilbyr:

  • Tilsetting i Time kyrkjelege fellesråd. Stillinga er finansiert gjennom gjevarteneste.
  • Godt og inspirerande arbeidsmiljø på Time kyrkjekontor
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
  • Medlemskap i KLP
  • Fleksibel avspasering

Det daglege arbeidet blir leia av Lye forsamlingstyre/ Time sokneråd
Jamnlege vegleiingssamtalar

Anna:

Tid for oppstart etter avtale
Den som blir tilsett må leggja fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest)
Opplysningar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetting, jmfr. Arbeidsmiljølova §13,3.
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.
Spørsmål om stillinga kan rettast til leiar i Lye forsamlingsstyre, Liv Heidrun Heskestad, tlf. 90569189

Søknadsfrist: 16. desember 2018

Send søknad med cv og referansar til
Time kyrkjelege fellesråd
Postboks 373, 4349 Bryne
Eller e-post: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no