Vil du utvikle deg som leiar og disippel medan du får nyttig arbeidserfaring?
Har du lyst til å jobba i lag med andre i team?

BLI ETTÅRING i prosjekt: «UNG i TIME»!

Vi søker etter tre ettåringar til prosjektet som har som mål å etablera og utvikla eit kristent tilbod for ungdom i kyrkjene i Time, Undheim og Bryne. Dei tre ettåringane vil ha sin base i kvar av desse kyrkjene, og samtidig jobba i lag om mange arbeidsoppgåver. Dette er eit unikt høve for deg som ønskjer å arbeide med ungdom i Den norske kyrkja.

Grip sjansen og søk!

DU:
-Er glad i Jesus og glad i ungdom
-Er engasjert og initiativrik
-Er god til å samarbeide i et stabsfellesskap
-Deler Den norske kyrkja si tru og vedkjenning
-Har hatt eit år på bibelskule

VI:
-Har eit positivt og godt stabsmiljø
-Har ein nytilsett prosjektleiar som i lag med andre vil fylgja opp prosjektet og ettåringane
-Skaffar bustad felles for dei tre ettåringane
-Ordnar bil som ettåringane kan nytta i teneste

INTERESSERT?
-Skriv ein e-post med litt om deg sjølv og kvifor du vil vera ettåring i «UNGi TIME». Send den til kyrkjekontoret@time-kyrkja.no innan 1. april 2019.

Viss du ynskjer å vita meir, kontakt dagleg leiar i Bryne, Bjørn Inge Hauge, bjorn.inge.hauge@time-kyrkja.no, 481 27 481.