Vi har ledig 100% fast stilling som diakon og søkjer etter ein person som kan leie det diakonale arbeidet i dei tre sokna på ein god måte i åra framover. Det er eit godt etablert diakonalt arbeid i Time, og vi ønskjer at du som får jobben bygger vidare på dette, samstundes som du er nytenkande og framoverlent i møte med behova i lokalsamfunnet. Ein nøkkel i dette er frivilligheit. Ei av hovudoppgåvene dine vil vere å utvikle team av frivillige som kan bidra inn i dei diakonale satsingsområda. Du vil òg vere ein pådrivar for å sette retning på det diakonale arbeidet saman med dei tre sokneråda. Diakonen samarbeider med diakoniutvala og omsorgstenesta, samt diakonane på Sandnes og Jæren.

Klikk her for å lese heile stillingsannonsa.