Me vert fortløpande orienterte om gjeldande retningslinjer, og vil halda dykk oppdaterte på nettsida og på facebook om kva grep kyrkja i Time tar. For å forebygge koronasmitte, vert alle arrangement som Time kyrkje har ansvar for avlyst ut mars. Det blir heller ikkje åpen kyrkje, som tidlegare annonsert.

Når det gjeld kyrkjelege handlingar som dåp, vigsel og gravferd, vil kyrkja strekke seg langt for å finne gode løysingar for dei det gjeld. Tilsette i kyrkja vil ta kontakt med dei dette gjeld for å sjå på alternative løysingar. Dette kan sjå annleis ut enn det vi er vane med, men det kan samstundes bli ei fin og verdig stund.

Denne fastetida vil definitivt bli ei annleis tid, men kanskje kan det og bli ei tid for å finne nye måtar å vera i lag med kvarandre og med Gud på?

Er nokon av dykk smitta eller satt i karantene og treng hjelp, ta kontakt med kyrkjekontoret, slik at vi kan sjå på korleis vi kan hjelpe kvarandre i denne situasjonen. Denne situasjonen gjr oss sjans til å stille opp for menneske rundt oss. La oss tenke og handle kreativt på det!

Kyrkjekontoret er ope som vanleg frå kl. 09.00 til 14.00, men med redusert bemanning. For behov for hjelp, samtale eller kontakt kan ein ringe sentralbordet på 51 77 03 77 mellom kl. 9.00 og 14.00.
Guds fred til dykk alle!