Alle samlingar på Lye forsamlingshus er etter sentrale retningsliner avlyst til over påske for å hindre spreiing av koronavirus. Men sjølv om Lye forsamlingshus ikkje vert brukt til samlingar, skjer det mykje spennande på andre kanalar her lokalt på Lye. Bli med!

Dei aller yngste kan i lag med ein vaksen bli med på babysong på messenger i lag med Ragnhild Hanssen. Neste samling blir 1. april kl. 12.30. Gje beskjed via facebooksida «Lykkeliten open barnehage – Lye» viss du vil vera med, eller ta kontakt med Ragnhild Hanssen på ragnhild.hanssen@timekyrkja.no.

Me har lyst til å vere til stades for ungane i Time i desse tider, og vil framover dele små samlingsstunder som me kallar for Godt nytt for born. Ragnhild Hanssen leiar samlingane, og det blir song, bibelforteljing og ein liten konkurranse. På denne første samlinga får me mellom anna høyre fortejlinga om Jesus og borna. Håpar mange vil dele denne med borna sine! Gå inn her for å bli med: https://www.facebook.com/pg/Time-kyrkje. Samlingane blir 27.3, 29.3, 3.4, 5.4, 9.4, 10.4 og 12.4.

Er du ungdom frå 8. klasse og oppover, håpar vi du blir med på alt det kjekke Varden held på med! Kvar fredag kl. 19.30 blir det ulike aktivitetar online som Minecraft, Fortnite, baking, heimebingo, andakt, konkurransar, quiz og Netflix party. Hvis dette høyrest kjekt ut, bli med i gruppa Varden på facebook eller ta kontakt med Martin Berge på 958 35 364. Varden har og ein eigen chatte-plattform discord som er åpen for alle ungdom, både dei som er medlem av Varden ungdomslag og dei som aldri har vore der. Alle er like velkomne! Link til Varden sin discord: https://discord.gg/JRenH99

For dei vaksne, vil me anbefale Helgegodtnytt frå Bryne kyrkje fredagar kl. 18.00 og gudstenesta i Nærbø kyrkje sundagar kl. 11.00. Helgegodtnytt er ei kort videohelsing/andakt frå Stein Ødegård med tankar og refleksjoner inn mot teksta for kommande søndag og rundt den spesielle situasjonen me er i for tida. Du kan sjå samlinga her: facebook.com/brynekyrkja. Gudstenestene i Nærbø kyrkje finn du her: nkmedia.no.

Desse tidene er annleis for oss alle, både born, ungdom og vaksne. Sjølv om vi no ikkje skal møta kvarandre ansikt til ansikt, er det mykje vi kan gjera på telefon og på nett. Ikkje ver redd for å ta kontakt. Me vil vera her for deg, som kyrkje og som medvandrar.

Ta kontakt med ein av oss for ei prat:
Sokneprest Yngvar Nilsen (466 52 874)
Diakon Praxedes Slettebø (488 96 919)
Dagleg leiar Anna Bergitte Skårland (990 26 276)

.