
eller kunne du selv ha behov for noen å snakke med eller hjelp til noe praktisk?
Det er ei spesiell tid vi alle er inni i. Forståeleg nok kan vi bla. kjenne på bekymringar, utryggheit og usikkerheit for dagen i dag og framtida. INN-kyrkja ynskjer å vere synleg også i desse dagar. Styret er i gong med å jobbe med eit nettbasert diakonalt prosjekt, tilpassa Lye, som heiter «Hjertebanken». (Etter ein modell frå Fredheim Arena på Sandnes, som dei har fått godkjent å kunne starte med no). Kort fortald så går det ut på at folk kan melde inn diverse behov for hjelp (uttak) og så har ein ei gruppe menneske som har sagt kva dei kan bidra med (innskot). Sidan dette prosjektet ikkje er ferdig gjennomarbeidt, vil vi no starte ein mini utgåve av dette.
Vi tenkjer også at i desse dagar er det kanskje fleire enn før som kjenner på einsemd og behov for å snakke med nokon. Eller du sit heime med barn og kjenner behov for å lufte tankar. Sia det er mange restriksjonar og vi ikkje kan fysisk møtast, prøve vi ta i bruk dei hjelpemidlar som finnest t.d. kan vi snakke saman på tlf. el video chatt. Eller kanskje du sit i karantene og treng hjelp med handling. Har du bønneemnar kan du også sende dei inn. Det kan vere mange forskjellige behov. Vi er fleire som ynskjer å hjelpe. Så ikkje ver redd for å ta kontakt. Vi vil hjelpe så godt vi kan. NB! Tilbodet er GRATIS.
Bur du på Lye og kjenner at det er noko du vil/kan bidra med, så ta gjerne kontakt! Vi vil stå saman i desse dagar! Ver med å spreie informasjon om tilbodet.
Som medlem og representant for INN-kyrkja er eg villig til å koordinere behova frå dei som treng hjelp, til dei som vil hjelpe. Så send gjerne ein SMS (ikkje ring) eller mail til meg, så tar eg kontakt.
Minner om at eg har tausheits-plikt! Ynskjer du å vere anonym, td. i forhold til forbønn, vil eg formidle det vidare utan namn.
Vi trur på ein Gud som høyrer bønn. Difor ber vi for folket på Lye og landet vårt.
Ta godt vare på kvarandre og gi støtte og omsorg til dei som treng deg!
Mvh. Kari Skår Slettebø
Tlf/ SMS: 94 14 04 10
Mail: kari.s.slettebo@gmail.com