Slik det ser ut nå, kjem me ikkje til å ha samlingar eller gudstenester på Lye forsamlingshus før tidlegast 15. juni. Vi har fått lov til å samlast ute i mindre grupper med god avstand mellom oss, og kyrkja vil sundag 19. april kl. 11.00 til 12.00 vera open for å kunna setja seg ned og vera stille, be og kanskje tenna eit lys. Smittevernreglane blir ivaretatt. Velkommen óg til å ta ein tur langs Påsketidsvandringa på kyrkjegarden. Den blir ståande ut mai.

Nokre av oss kjenner no i disse inne(korona)tidene behov for frisk luft og tur i flott terreng. Bli med på tur! Oppmøte utanfor Monsanut barnehage kl. 17.00 måndag 20. april. Turen går ein runde i Lyeheiane om Varden. Blir vi mange, deler vi oss inn i små grupper på maks 5 personar pr. gruppe.

Få med dykk gudstenesta 17. mai digitalt frå Lye forsamlingshus. Meir info kjem. Me ser fram til å sjå dykk att når kvardagen har normalisert seg!