Her er info om korleis me formidlar trusopplæring via digitale plattformer i tida me no er inne i. 

Me som jobbar i trusopplæringa ønskjer fortsatt å vere til stades for born og unge, sjølv om me ikkje har dei vante treffpunkta lenger. Me bruker facebooksidene våre aktivt, og legg mykje informasjon ut der. Der kan de finne samlingsstunder for borna, og me deler mange kjekke lenker og tips for å hjelpe til med trusopplæring i heimane, og for å gje born og unge noko kjekt og spennande å vera med på.

Me brukar også ulike sosiale media til å nå born og unge på. Me har babysong på messenger og me har gruppesamlingar via ulike videokonferanseappar. Alt dette finne de info på på facebook-sidene våre.

https://www.facebook.com/trusopplaringtimeundheim/

https://www.facebook.com/brynekyrkja/

I tillegg har Den norske kyrkja i Time ein eigen youtubekanal der me legg inn dei ulike filmane me lagar. Det kan vere eit tips å abonnere på denne, så får de lett oversikt over det me legg ut der.

https://www.youtube.com/channel/UCDMHOBQH1C2u_4vNdj8ZRCA

På https://timekyrkja.no/Vis/ArticleId/1144/Digital-trusopplaering legg me og ut oppdatert informasjon etterkvart.

Ragnhild Hanssen, kyrkjelydspedagog i Time og Undheim