Me gler oss over å endeleg å få ynskje alle velkomne til gudsteneste igjen! Dette blir ei gudsteneste utandørs for store og små med tema «Vidåpne dører». Etter gudstenesta blir det leik og aktiviteter for borna, og god tid til drøs og medbrakt kyrkjekaffe.

Ta med stol og kyrkjekaffe/nistepakke til deg sjølv.

Alle deltakarar må registrerast når dei kjem. Ta gjerne med namnelapp med mobilnummer, så går det litt fortare. Alle må visa omsyn og overhalda smitteverntiltaka: avstand og hygiene.