
På midten av 1990-talet starta ein opp foreininga Moskus på Lye, ei foreining for menn. Namnet Moskus var ei forkorting for: Menns Organiserte Sosiale Klubb Utan Sidestykke.
Den første torsdagen i kvar månad er samlingskveld. Frå klokka 18.00 og to-tre timar utover kvelden har menn i
ulik alder – frå 18-70 år- sine aktivitetar. Målet er å skapa eit sosialt fellesskap, eit godt nettverk, på tvers av alder og bakgrunn.
Vil du vera med? Gje beskjed til Stein Magne Paulsen på tlf 416 84 055, så vil du få ei melding før kvar samling. Elles er det normalt berre å møta opp utanfor Lye forsamlingshus kvar første torsdag i månaden kl. 18.00.
Neste samling er onsdag (NB!) 7. oktober. Då skal dei besøka Flymuseet. Avreise frå Lye forsamlingshus kl. 17.30. (Merk tidspunktet). Er du mann, hjerteleg velkommen!