Etter nye innstramminger frå regjeringen, kan vi på Lye forsamlingshus samla maks 50 personar til arrangement, og vi er glade for at vi faktisk kan samlast 50 stk! Du får her ei oversikt over alt du er velkomen til å vera med på, og det blir gjort eit grundig arbeid for at desse arrangementa skal vera så trygge som mogleg. Men hugs – hald avstand, vask hender og hald deg heime om du er sjuk.

Lye barnegospel
Lye barnegospel held fram med øvinger, men deler seg i to grupper 30. nov og 7. des: Dei yngste (5 år til og med 3. klasse) møter kl. 17.00 og øver fram til 17.35. Lye barnegospel tweens møter kl. 17.45 og øver til 18.30.

Stille rom
Loftet på Lye forsamlingshus blir gjort om til stille rom måndagar og torsdagar kl. 18.00-18.45 i heile november. Her kan du få vera saman med din himmelske Far – i stille, med god avstand til alle andre.

Bibelgrupper for ungdommar
Bibelgruppene held fram som før, men blir framover på Lye forsamlingshus. Kontaktperson: Martin Berge 958 35 364.
Vidaregåande: annankvar torsdag kl. 19.30 i partalsveker
Eldre enn vidaregåande: annenkvar torsdag kl. 19.30 i oddetalsveker

Gudstenester
For at alle som ynskjer det skal få med seg minst ei gudsteneste til i 2020, legg me opp til ei gudsteneste for vaksne 22. november kl. 10.30 og ei gudsteneste tilpassa barnefamiliar 6. desember kl. 10.30. For at vi skal ha oversikt over kor mange som kjem, og for at du skal vite at du er rekna med, blir det påmelding til desse gudstenestene. Klikk her for påmelding.

Dette er avlyst
Sundagssamling og sundagsskule 15. og 29. november
Me syng jula inn 13. desember
Varden 13. og 27. november
Strikkekafe 19. november
Lykkeliten open barnehage 25. november
Ungdomsskulen: annankvar tysdag kl. 19.00-20.30 i oddetalsveker