
Vi prisar deg
- for at du er den einaste, sanne, evige, uforanderlege og allmektige Gud
- for at du alltid er nær
- for din nåde mot oss, og for at du kallar oss dine born og dine vener
Vi takkar
- for at det er så mange ungdommar som kjem på Varden ungdomsarbeid
- for at smitten av Covid 19 stort sett er under kontroll i vårt område
- for at me snart skal få samlast til gudstenester og andre fellesskap
- for at me får dele bibelvers og tankar med kvarandre gjennom Lye-minuttet
Vi ber
- for alle som er sjuke eller kjenner seg åleine, og om hjelp til å vera nær
- for alle som er redde for Covid 19 og som fryktar konsekvensane av pandemien
- om at pandemien slepp taket, og at kvardagen snart blir normal igjen
- for elevar og lærarar på skular og barnehagar på Lye og Vestly
- for leiarar og deltakarar i Lye barnegospel, Lye sundagsskule, Solstreif barneforening, Speidaren, Varden ungdomsarbeid, bibelgrupper og Puls
- om at møteplassar som Strikkekafe, open kafe, Moskus og fredagsmiddag snart må koma i gang igjen
- for frivillige, tilsette og sokneråd i kyrkjelydane på Lye og i Time, om styrke, glede og visdom i tenesta
- om at stadig fleire får bli kjende med Jesus som sin frelsar
- for Okhaldhunga sjukehus i Nepal, om særleg vern i denne tida
- for kristne som blir forfulgt for si tru i andre delar av verda
- for alle som er ramma av ulukker og kriser, fattigdom og krig
Bønn for fastetida:
Uransakelege Gud, du ser livet vårt og kampane våre. Vi bed deg: Gje oss ei uthaldande tru, så vi aldri slepper deg, men ventar på di velsigning, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.
Jesus har sagt: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. (Matt 7,7-8)