I staden for gudsteneste sundag, inviterer vi til tur i Lyeheiane. Oppmøte på parkeringsplassen ved Monsanut barnehage kl. 10.30 sundag 21. februar. Me les sundagens tekst i lag og ber ei bøn før me delar oss inn i mindre turgrupper. Turane blir i ulike lengd og ulikt tempo, alt etter kva folk ynskjer. Her er det berre å dukke opp, så blir alle registrerte der og då i tilfelle det skulle bli behov for smittesporing i etterkant. Hugs å halde 1 meter avstand til andre husstander, òg på turen. Velkommen, alle!