Vi prisar deg
• for at du er den einaste, sanne, evige, uforanderlege og allmektige Gud
• for at du sende din son i døden for at vi skulle ha liv og fred
• for din nåde mot oss, og for at du kallar oss dine born og dine vener
• for at Jesus lever og er nær

Vi takkar
• for stort oppmøte på Varden ungdomsarbeid og Lye barnegospel
• for at me er mange som trur på deg i Time sokn, og for fellesskapa me får høyre til
• for våren, lyset og fantastisk natur og skaparverk
• for at me snart skal få samlast som normalt til gudstenester og andre fellesskap
• for at me får dele bibelvers og tankar med kvarandre gjennom Lye-minuttet

Vi ber
• for alle som er sjuke eller kjenner seg åleine, og om hjelp til å vera nær
• for alle som er redde for Covid 19 og som fryktar konsekvensane av pandemien
• om at pandemien slepp taket, og at kvardagen snart blir normal igjen
• for elevar og lærarar på skular og barnehagar på Lye og Vestly
• for leiarar og deltakarar i Lye barnegospel, Lye sundagsskule, Solstreif barneforening, Speidaren, Varden ungdomsarbeid, bibelgrupper og Puls
• om at møteplassar som Strikkekafe, open kafe, Moskus og fredagsmiddag snart må koma i gang igjen
• for frivillige, tilsette og sokneråd i kyrkjelydane på Lye og i Time, om styrke, glede og visdom i tenesta
• om at stadig fleire får bli kjende med Jesus som sin frelsar
• for Okhaldhunga sjukehus i Nepal, om særleg vern i denne tida
• for kristne som blir forfulgt for si tru i andre delar av verda
• for alle som er ramma av ulukker og kriser, fattigdom og krig

Bønn for påsketida:
Oppstadne Frelsar, Jesus Kristus, du rekkjer hendene mot oss når vi tvilar. Vi bed deg: Gje oss tru når vi ikkje forstår, så vi kan leva i lyset av di oppstode og tilgje vårt eige og andres svik, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.

Jesus har sagt: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. (Matt 7,7-8)

Last opp bønnebrev her.