
Det blir ei annleis påske i år og enn vi hadde tenkt. Men påske blir det. Jesus har tatt på seg vår skyld, han vart krossfest, og vart levande igjen. Dette skal feirast, og berre kreativiteten (og litt korona) set grenser for korleis.
Arrangement for vaksne på Lye forsamlingshus er avlyst til og med 12. april grunna koronarestriksjonar, men vi held fram med fritidsaktivitetar for born og ungdom innanfor gjeldande regelverk.
Tips til aktivitetar i påska:
-Gå ein tur til toppen av Lyefjell og takk Gud for skaparverket
-Gå Krossvandringa ved Time kyrkje frå stasjon til stasjon, 14 plansjer med bibeltekstar og kunstbilete
-Sjå Lye-minuttet kvar tysdag og fredag på facebook.com/lyeforsamlingshus
-Sjå ei påskegudsteneste på nett
-Ring eller gi ei oppmuntring til nokon som kanskje treng det
-Syng «Deg være ære» heime for deg sjølv, frå terrassen eller på gravplassen
-Ha ei stille stund og les kva Jesus har gjort for deg (Lukas 22,1-24,12)