Vi prisar deg
• for at du sende din eld over læresveinane pinsedag og gav dei visdom og kraft
• for at du er den einaste, sanne, evige, uforanderlege og allmektige Gud
• for din nåde mot oss, og for at du kallar oss dine born og dine vener

Vi takkar
• for Varden ungdomsarbeid og Lye barnegospel
• for at me er mange som trur på deg i Time sokn, og for fellesskapa me får høyre til
• for våren, lyset og fantastisk natur og skaparverk
• for vaksiner og at me snart skal få samlast som normalt til gudstenester og andre fellesskap

Vi ber
• for alle som er sjuke eller kjenner seg åleine, hjelp oss til å vera nær
• om at pandemien slepp taket, og at kvardagen snart blir normal igjen
• om glede, motivasjon og ein ny start i arbeidet på Lye forsamlingshus frå hausten
• for elevar og lærarar på skular og barnehagar på Lye og Vestly
• for leiarar og deltakarar i Lye barnegospel, Lye sundagsskule, Solstreif barneforening, Speidaren, Varden ungdomsarbeid, bibelgrupper og Puls
• om at Strikkekafe, open kafe, Moskus og fredagsmiddag må vera inkluderande og gode møteplassar for alle på Lye
• for frivillige, tilsette og sokneråd i kyrkjelydane på Lye og i Time, om styrke, glede og visdom i tenesta
• om at mange får bli kjende med Jesus som sin frelsar
• for Okhaldhunga sjukehus i Nepal, om særleg vern i denne tida
• for kristne som blir forfulgt for si tru i andre delar av verda
• for alle som er ramma av ulukker og kriser, fattigdom og krig, særleg for konflikten i Israel

Her kan du skrive det du har på hjartet som du vil leggje fram for Gud i bøn:

 

Bønn for pinsen:
Hald trua og kjærleiken brennande blant oss, så vi frimodig forkynner evangeliet om Jesus Kristus, vår Herre, han som med deg og Faderen lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.

Jesus har sagt: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. (Matt 7,7-8)

Last opp bønnebrev her.