17. – 19. september 2021

Lye forsamlingshus og Time kyrkje ønsker å samle alle generasjonar til weekend med mykje leik og moro, og samtidig alvor og tid til å søke Gud i lag. Det blir eit variert program som passar for born, ungdom og vaksne. Leirplassen Lunden i Sokndal inneheld blant anna aktivitetshall, badeplass, fotballbane, kanoar, trøbåter, flott natur og kiosk. Alle er velkomne på weekend!

Påmelding
Påmelding innan 1. september til abs@time-kyrkja.no / mobil: 990 26 276.

Prisar
Vaksne: kr. 900,-
Barn/ungdom: kr. 400,-
Barn 0-4 år: gratis
Maks kr. 2000 pr. husstand.
Betalingsfrist: 15. september til konto 3325.20.04462.

Program
Fredag 17. september
•Innkvartering kl. 18-19
•Mat
•Samling
•Kaffe/kaker

Laurdag 18. september
•Frukost
•Formiddagssamling og aktivitetar
•Fritid
•Middag
•Underhaldningskveld
•Kaffe/kaker
•Kveldssamling

Sundag 19. september
•Frukost
•Gudsteneste
•Lett mat
•Avreise ca. kl. 13

Underhaldningskveld
Alle barn, ungdom og voksne som ønsker det, kan bidra med ein leik, konkurranse, opptreden eller humorinnslag til underhaldningskvelden laurdag.

Overnatting
Lunden har plass til 125 overnattingsgjester fordelt på firemannsrom, tomannsrom og hytter med plass til ti personar kvar. Det er varmt og kaldt vann på alle rom, og toalett og dusjer i gangen. Det ligg dyner og puter i sengene, men dynetrekk, putevar og laken må kvar einskild ta med.

Vegforklaring
Det tar ca. 1 time og 40 min å kjøre frå Lye til Lunden. Rett utanfor Egersund på E39 ser du eit skilt som det står “Hauge i Dalane” på. Sving av og følg riksveg 44. Etter ca. 40. min kjem du til Hauge i Dalane. Sving så av til venstre når du ser eit skilt med “Mydland”. Etter ca. 15. min tar du av mot “Orrestad” og følg vegen til Lunden.

Info Lunden leirsted
Det er ikkje mobildekning på området, og heller ikkje Wifi. Viss nokon må ha tak i oss medan vi er der, er telefonnummeret til fasttelefonen på leirplassen 51 47 98 57.
Meir informasjon om Lunden finn de her: https://www.lunden-leirsted.no/.

Arr: Time sokneråd