Hausten er her, og me gler oss til alt som skal skje på Lye forsamlingshus denne hausten! Ungdomsarbeidet Varden startar opp att fredag 27. august kl. 20, og Lye barnebospel og tweens allereie måndag 23. august.

Men aller først: gudsteneste 22. august med grilling etter gudstenesta. Her er det berre å møte opp, store som små. Ta med grillmat og gjerne ein stol. Grillane er varme og klare når gudstenesta er ferdig.

Hugs òg å melde dykk på til sundagsmiddag etter gudstenesta 5. september og weekend 17.-19. september på Lunden leirstad.