Norge har på ny fått restriksjonar som gjer at noko blir annleis enn planlagt.

Nokre arrangement blir avlyst, og andre blir gjennomført med god avstand, registrering og tilvising av plasser. Gudstenester har ei maks grense på 50 deltakarar. Munnbind må nyttast der det ikkje er mogleg å halde avstand, som til dømes ved inngang og utgang.

Gudsteneste 19. desember kl. 11.00 i Time kyrkje – registrering ved ankomst.
Julaftan 24. desember kl. 14.30 og 15.45 i Time kyrkje – PÅMELDING HER.
1. juledag 25. desember kl. 11.00 i Time kyrkje – registrering ved ankomst.
1. nyttårsdag 1. januar kl. 11.00 i Time kyrkje – registrering ved ankomst.
Varden ungdomsarbeid blir gjennomført med påmelding, maks 20 personar.

Avlyst:
Me syng jula inn 12. desember kl. 16.00 på Lye forsamlingshus
Søndagssamling 19. desember kl. 11.00 på Lye forsamlingshus
Julesamling julaftan 24. desember kl. 15.00 på Lye forsamlingshus
Julebord og nyttårsfeiring med ungdommane

Velkommen til å vere med i fellesskapet! Ta godt vare på kvarandre!