Sundag 23. januar blir det gudsteneste med tema: Kyrie Eleison på Lye forsamlingshus. Det blir sang, forkynning, barneforkynning, nattverd og lego for barn i alle aldrar.

Vi har god plass og held alle smittevernreglar. Alle blir registrerte når dei kjem. For å ha kontroll på kor alle sit i tilfelle smittesporing, blir det tatt bilete som blir sletta etter 14 dagar. Biletet blir ikkje brukt til anna enn smittesporing. Ha på munnbind når du kjem inn og når du går ut. Alle får tilvist plass når dei kjem.

Me gler oss til å feira gudsteneste i lag!