50% prosjekt i 2 år med moglegheit for forlenging
Time sokneråd oppretter denne nye stillinga for å styrke søndagsskulearbeidet og bygge fellesskap mellom barnefamilier i kyrkjelyden på Lye. Den tilsette får vere med å skape eit miljø der barna kan få trivast og kjenner seg heime i kyrkjelyden.
Søknadsfrist:15.04.2022
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet med å utvikle og koordinere søndagsskulen på Lye i lag med frivillige
- Delta aktivt i søndagsskulearbeidet med blant anna barneforkynning
- Legge til rette for fellesskapsbyggande arbeid blant barnefamilier
- Ha ansvar for Lykkeliten open barnehage i lag med frivillige (dagtid annankvar onsdag)
- Samarbeide tett med trusopplæringa i Time sokn
- Samarbeida med anna arbeid for barn på Lye
- Rekruttere, utruste og vegleia frivillige medarbeidarar
- Hjelpa barn å veksa i tru på Jesus og kjenne seg heime i kyrkjelyden
Endeleg stillingsbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett. Stillinga inneber arbeid ca. annankvar søndag, og ein må rekne med noko arbeid på kveld og helg.
Kvalifikasjoner
Ønskjeleg med
- Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompansere for manglande utdanning.
- Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
- Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid
Personlige egenskaper
- Kreativ og nytenkande
- Engasjert og initiativrik
- Fleksibel og løysingsorientert
- Strukturert med evne til å planlegga langsiktig
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn
- Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige.
- Kontaktskapande
Vi tilbyr
- Ei interessant og utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
- Medlemskap i KLP
- Fleksibel avspasering, høve til avspasering i skulen sine ferier
- Jamnlege vegleiingssamtalar
Anna
Den som blir tilsett må legga fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Den som blir tilsett må dela Den norske kyrkja si tru og vedkjenning og vera medlem i Den norske kyrkja.
Oppstart 15. august eller etter avtale.