Vi lyser ut 2 stillinger knytt til Lye forsamlingshus. Søknadsfrist 1. juni.

  1. Ungdomsarbeidar 30% fast stilling (moglegheit for utviding inntil 50%)
  2. Barne- og familiearbeidar 50% prosjekt i 2 år (moglegheit for forlenging)

Ungdomsarbeidar

Likar du å jobba med ungdom?
Ønsker du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?

Varden ungdomsarbeid samlar mellom 40 og 70 ungdommar annankvar helg til møte, lovsong, aktiviteter, mat, sosialt og mykje moro på Lye forsamlingshus. Vi søker etter ein som kan leia og utvikla ungdomsarbeidet vidare.

Les meir om stillinga her.

Barne- og familiearbeidar

Time sokneråd oppretter denne nye stillinga for å styrke søndagsskulearbeidet og bygge fellesskap mellom barnefamilier i kyrkjelyden på Lye. Den tilsette får vere med å skape eit miljø der barna kan få trivast og kjenner seg heime i kyrkjelyden.

Les meir om stillinga her.