Det er kyrkjeval 11. september 2023. Det skal veljast representantar både lokalt (Time sokneråd), regionalt (Stavanger bispedømmeråd), og nasjonalt (Kyrkjemøtet). Alle medlemmer i DNK over 15 år (født i 2008 eller før) kan stemma ved kyrkjevalet.
Time sokneråd har ansvar for mykje av arbeidet som vert driven på Lye forsamlingshus, både arbeid for barn, for ungdom og for vaksne. Dei som blir vald inn i soknerådet vil ha det overordna ansvaret for dette arbeidet.
Er du usikker på om du er medlem av Den norske kyrkja? Sjekk på kirken.no/medlem. Her kan du òg melde deg inn.
Du kan førehandsstemma frå 10. august til 8. september. Den digitale førehandsstemminga er open frå 10. august til 6. september.
- Ønsker du å førehandsstemma digitalt, logg deg inn på www.kirkevalget.no og avlegg di stemme.
- Ønsker du å førehandsstemme i fysisk lokale, kan du gjera dette på kyrkjekontoret (Erlandsbakken 6, Bryne) mellom kl. 09.00 til 14.00 måndagar til fredagar frå 10. august til 8. september, samt siste torsdag i august: 31.8.23 kl. 15.00 til 20.00.
- Du kan òg førehandsstemma etter desse gudstenestene:
- 13.08. kl. 10.30 i Time kyrkje
- 20.08. kl. 10.30 på Lye forsamlingshus
- Skal du førehandsstemma i anna sokn enn der du er registrert, må dette gjerast seinast 1. september.
Her er kandidatlista til val for Time sokneråd:
- Marianne Hauge, født 1982 (Lye – bygda)
- Willy Finnbakk, født 1958 (Løge)
- Jorunn Midbrød Ueland, født 1966 (Lye)
- Sverre Risa, født 1954 (Lye)
- Harald Auestad, født 1976 (Lye)
- Martin Berge, født 1997 (Lye)
- Steinar Knutsvik, født 1988 (Lye)
- Trond Sverre Heskestad, født 1949 (Lye)
- Ingrid Eikeland, født 1948 (Eikeland)
- Bjørn Håland, født 1949 (Eikeland)
Klikk her for å lesa meir om kva kvar av kandidatane ønsker å arbeide for.
Det vert opna for supplerande nominasjon fram til 15. mai kl. 12.00. Dette betyr at fem stemmeberettiga forslagsstillarar kan fremma nye namn som dei meiner bør vera på lista.
Sjekk kirken.no/valg for reglar rundt dette eller om du har andre spørsmål om kyrkjevalet.