Alle i 5., 6. og 7. trinn📢: Frå hausten kan de bli med på VARDEN 10:13 på Lye forsamlingshus annenkvar onsdag rett etter skuletid🏃.

De får mat🥒🥕🥃, eit andaktsord ✝️og så kan de velja mellom ulike aktiviteter🤸 som til dømes bordtennis🏓, forming, baking🍞, brettspel♟🎲, og leksehjelp✏️. Første gang blir 13. september kl. 14.15 til 15.45, og då feirar me med pølse i brød🌭.

Me gler oss til å vera i lag med dykk annankvar onsdag i oddetalsveker kl. 14.15 på forsamlingshuset (ikkje i skuleferien)👍❤️.

Spørsmål?
Ta kontakt med Oda Vik Straume (oda.vik.straume@timekyrkja.no).