Gå ikkje glipp av ein kjekk felleskyrkjeleg gudsteneste med fokus på familier i Storstova på Bryne 11. februar kl. 11.00!

Viggo Klausen er ein suveren formidlar både for born, ungdom og vaksne, og me gler oss til han kjem til Bryne både til denne gudstenesta og til «Velkommen hjem» 11.-15. september.

I gudstenesta kan du få med deg ein kreativ formidling, lovsong, bøn, song av TT-koret og sjølvsagt gratis kake og kaffi etterpå. Ta med deg ein nabo eller ven, og bli med. Me gler oss til å sjå deg der!

Gudstenesta er arrangert på tvers av ulike kyrkjelydar på Bryne og omegn.