Stilling i Den norske kyrkja.
Likar du å jobba med ungdom? Ønsker du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?
Ungdomsarbeidet Varden starta opp våren 2019 og har sidan då samla mellom 20 og 70 ungdommar annankvar fredag på Lye forsamlingshus. Time sokneråd søker etter ny ungdomsarbeidar som kan leie dette arbeidet vidare og skapa gode treffstadar for ungdom på Lye forsamlingshus.
Arbeidsoppgåver:
- Å leia Varden ungdomsarbeid annankvar fredag, og gjennom å:
- vera med og skapa eit godt miljø for ungdom på Lye forsamlingshus, der ungdommar kan veksa i tru og finna si teneste.
- legga til rette for undervisning, lovsong, bøn og aktivitetar for dei unge
- rekruttera, utrusta og vegleia frivillige medarbeidarar
- gje ungdommane ansvar og leiartrening
- Å delta som ein av fleire leiarar i konfirmantarbeidet. Ungdomsarbeidaren har ikkje hovudansvar.
- Samarbeida med andre ungdomsarbeidarar i kyrkjene i Time kommune der det er naturleg.
Endeleg stillingbeskriving og arbeidsplan blir utarbeidd i samarbeid med den som vert tilsett.
Arbeidet er i stor grad lagt til ettermiddagar, kveld og helg. Det vil vera mest arbeid annakvar veke.
Kvalifikasjonar:
Ønskjeleg med
- Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
- Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
- Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid
Personlege eigenskapar
- Kreativ og nytenkande
- Engasjert og initiativrik
- Fleksibel og løysingsorientert
- Strukturert med evne til å planlegga langsiktig
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med ungdom
- Evne til å jobba sjølvstendig og til å samarbeida med stab og frivillige
- Kontaktskapande
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Ei interessant og utfordrande stilling
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor
- Medlemskap i KLP
- Fleksibel avspasering, høve til avspasering i skulen sine feriar
- Jamlege vegleiingssamtalar
Anna
Den som blir tilsett må legga fram tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Den som blir tilsett må dela Den norske kyrkja si tru og vedkjenning, og vera medlem i Den norske kyrkja.
Oppstart etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar i Time sokn, Frode Skårland, 48997102.
Søknadsfrist: Søknadar vil bli vurdert fortløpande.