ALPHA-kurs

 

NESTE KURS startar rundt januar 2018.
Velkommen til å melde deg på!
– Klikk her for PÅMELDING

Les her om Alpha-kurset som gjekk våren 2016:

Kva er Alpha?
Alpha-kurset er for alle som er interesserte i å oppdage kva kristen tru handlar om.
Her kan du slappe av, ete god mat, dele dine tankar og utforske meininga med livet.

 

Program
Kurset går over 10 veker, og består av 10 interessante og tankevekkande samlingar med eit måltid mat, undervisning og samtale i grupper. Her vil du bli tatt på alvor med dine tankar, idear og spørsmål. Ingen spørsmål er for store og ingen spørsmål er for små.
I tillegg til samlingane blir det arrangert ein weekend-tur.

Lav terskel
Alpha har lav terskel, det har fokus på vennskap og det er moro! Dei aller fleste kyrkjesamfunn i Norge støttar opp om Alpha, og meir enn 16 millionar menneske over heile verda har gått på eit Alpha-kurs!
Alpha-kurs passar for alle, og særleg for deg som:
•    ønskjer å utforske kristen tru
•    nyleg har begynt i ein kristen forsamling/kyrkjelyd
•    vil friske opp basiskunnskapane
•    er ny som kristen

Pris
Kurset er gratis! 🙂 Men det blir mogleg å betale litt for maten.