-til arbeid blant barn og ungdom-
Takk til alle som er med i givertenesten og dermed gjer at me kan ha tilsette som arbeidar med barn og ungdom på Lye forsamlingshus!
Opprett avtale direkte med banken din her eller bruk konto 3290.58.78041.
Me er stolte og takknemlege for det flotte arbeidet som er starta opp for ungdom på Lye med ungdomsarbeidar Martin Berge i spissen! Opp mot 60 ungdom frå heile Jæren kjem i lag på Lye forsamlingshus annankvar fredag til quiz, møte, lovsong, mat og moro. Det ryktes at Varden er ein god stad å vera, med eit inkluderande og godt miljø.
Og ikkje nok med det! Dei eldste ungdommane på Lye har hatt eit ynskje om samlingar kor dei kunne få vera i lag og få meir undervisning om trua og bibelen. Prosjektleiar i Ung i Time, Asle Steinbru, har no ansvar for Puls på Lye forsamlingshus kvar fjerde veke for ungdom frå 1. vidaregåande og oppover. Mat, bibelundervisning, sosialt og seine kveldar er beskrivande stikkord for desse samlingane.
Alle barn som er døypte, får med jamne mellomrom tilbod om å få vera med på spennande og kreative samlingar med Jesus-fokus, nokre i kyrkja, andre på Lye forsamlingshus. Trusopplærar Ragnhild Hanssen har blant anna ansvar for Babysong, Krøllekveld, Fireårsklubb, Tårnagenthelg, Undretur, Førsteklasses (tidl. Dåpsskule), Påskedrama, Pinsefart, På sporet av Jesus, Lys Vaken og Lye barnegospel.
Det du gjev er svært kjærkome, og bidreg til at born og ungdom kan få bli betre kjende med Jesus. Bli med og snu pila rett veg, slik at me kan halda fram med det flotte arbeidet for barn og ungdom på Lye og i Time.
På førehand, tusen takk for gåva!
Lye distriktsutval og Time sokneråd
