Babysong
Me har tilbod om babysong på Lye forsamlingshus om lag annakvar torsdag kl. 10.30-12 i partalsveker. Me følgjer skuleruta, og har om lag 8 samlingar kvar semester.
Tilbodet er i utgongspunktet for føresette som er heime med babyar frå 0-1 år, men det er heilt ok å ha med eldre søsken også.
Ragnhild Hanssen har babysong kl. 10.30-11.00.
Me serverer ein enkel lunsj etter songsamlinga, så då er det mulighet for å prata og bli kjend med andre.