Kven er Lye forsamlinghus?
Lye forsamlingshus er eit samarbeid mellom 6 ulike eigarorganisasjonar. Arbeidet er organisert under to styre:
- Husstyret er sett saman av representantar for kvar av eigarorganisasjonane og har ansvar for drift og vedlikehald av huset.
- Lye forsamlingsstyre er valt av årsmøtet og har ansvar for utvikling av kyrkjelydsarbeidet.
Gudstenester: Anna kvar søndag har vi gudsteneste kl. 10.30 på forsamlingshuset. Det er dåp og nattverd på nokre av gudstenestene. Desse vert laga i nært samarbeid mellom prest og gudstenesteutval. Det er søndagsskule for barna under gudstenestene.
Møte: Onsdagar arrangerer organisasjonane møter.
Viktig satsing: Barne- og ungdomsarbeid er viktige satsingsområde.
Byggje kyrkjelyden: Vi ønskjer å byggje kyrkjelyden gjennom å leggje til rette for livsnære, gudsnære og inkluderande fellesskap.
Utfordring 1: Middag for 6 – vi møtest privat og blir betre kjent i uformell drøs over matbordet. Kontaktperson: Anna Bergitte Skårland, tlf 99026276 eller e-post annabergitte@gmail.com. Du kan og gå inn på menyvalet Vaksne\Middag for 6 for meir info og påmelding.
Utfordring 2: Tenestegrupper – Det praktiske arbeidet er fordelt på ulike grupper med avgrensa ansvarsområde. Kontaktperson: Leiar i Lye forsamlingsstyre.
Utfordring 3: Bibelgrupper, husfellesskap, misjonsforeiningar.
Eigarorganisasjonane:
NLM – Norsk Luthersk Misjonssamband
NMS – Det Norske Misjonsselskap
Normisjon
Imf – Indremisjonsforbundet
Norges KFUK-KFUM
Time sokneråd